Gå til innhold
Hva er musikk? Don´t pay too much attention to the sounds. You may miss the music.

Hva er musikk? Don´t pay too much attention to the sounds. You may miss the music.

Noko av det eg likar best i mitt virke her på Ansgar høyskole er at eg, saman med studentane, kan dykke ned og fundere rundt dei verkeleg STORE spørsmåla. Det engelske ordet for forskning gjev god meining. Drive RE-search. Leite på ny att. Kvar generasjon må det. Finne sine svar på gamle spørsmål. Svara er ikkje alltid dei same som dei var i går.

Så kva er musikk? Eigentleg. Musikkstudentane møter dette spørsmålet heile tida, men i emnet Musikk, kultur og samfunn for 3.årsstudentane på Bachelor i Musikkteknologi har me høve til å dukke litt djupare ned i det. Vårt norske ord for musikk er i likskap med engelsk og tysk og mange andre utlagt frå det greske ”mousiké”: læren om musenes kunst, henta frå den greske mytologien. Musene er ni gudinner, barn av Zevs og Mnemosyne (erindringen), og desse fekk i oppgåve å ”forløse tilværelsens stemme, la dens mening tone frem” (Sundberg 2000: 12). Mousiké var eit mykje vidare begrep enn det dagens Store Norske Leksikon definerer musikk som: tonekunst (snl.no).

Kunsten å framføre ein tone frå eit instrument eller ein kropp har eit anna perspektiv enn å forløyse stemma i tilværet. Eller har det? Du får nok eit litt anna svar hjå ein 20-åring i dag enn for 50 år sidan.

Uansett- det lydlege forholdet ved musikk er eit grunnleggande element. Søkjer du på Wikipedia på nettet, noko svært mange gjer for tida, står det at musikk er ei kunstform mediert gjennom lyd og stille. Det er ikkje berre lyden. Det er kanskje nettopp pausane som skapar musikken. Etnomusikologen Bonnie Wade meiner at musikk ikkje berre er ein ting - ein kategori av organiserte lydar som ein komposisjon - det er også ein prosess (Wade 2005). Antropologen John Blacking definerer musikk som ”menneskeleg organisert lyd” (Blacking 1973). Hans forskning viste at menneske som regel utøver musikken innanfor sosiale rammer. Musikk kan hjelpe oss å oppdage, bekrefte og feire desse rammene (Small 1998:218).  For kva søkjer me når me går på konsert? Me søkjer opplevingar, prestasjonar, bekreftingar. Augneblink me kanskje ikkje visste me ynskte oss. ”Moments” som den amerikanske sceneprodusenten Tom Jackson kallar det. Alt dette kan musikk gje oss. Lydlege opplevingar der me betre kan sjå relasjonane me står i som menneske og sosialt samfunn. Tilbake til musene: Å utløyse noko av tilværets meining vil uansett vere eit grunnleggande perspektiv når me snakkar om kva musikk er.

Den amerikanske komponisten Charles Ives vart avvist av mange for sin musikalske modernisme. Det måtte kanskje bli slik med ein klok far som høyrte kvar venleiken eigentleg kom frå:

Once when father was asked: ”How can you stand it to hear old John Bell (who was the best stoneman in town) bellow off-key the way he does at camp meetings?” His answer was: ”Old John is a supreme musician. Look into his face and hear the music of the ages. Don´t pay too much attention to the sounds. If you do, you may miss the music. You wont´t get a heroic ride to heaven on pretty little sounds.” (Cowell 1955:23-24)

Kva er lyden av musikk for deg? Eg gav musikkteknologi-studentane mine i oppgåve å leite etter ”Lyden av Ansgar”. Lyd rundtomkring på skulen er teke opp tidleg i mars og deretter redigert. Resultatet kan du høyre nedanfor. Musikk for dine øyre?

- Bodil Kvernenes Nørsett