Gå til innhold
LivsKilden - kunst i samfunnet

LivsKilden - kunst i samfunnet

Ansgarskolen var godt representert under LivsKilden!

Konferansen Livskilden fann stad fredag 29.april 2016, og var ein dag for inspirasjon og ny kunnskap for oss som undervisar og jobbar innanfor kunstfeltet. 

Programmet var innhaldsrikt og Pål Svendsberget og Eirin Andreassen sette standarden med uttrykksfull diktlesing og musikk. 

Fredrik Wandrup, kunstkritikar frå Dagbladet stilte spørsmål ved kva samfunnet vårt hadde vore UTAN kunst. Fleire av Kilden Dialog sine ulike prosjekt vart presenterte; SPOR ved Mette Midling Jenssen, Fargespill-konseptet ved opphavarane frå Bergen, Ole Hamre og Sissel Saue, og ikkje minst Irene Kinunda frå Kongo som fortalde litt om hennar møte med Norge gjennom deltaking i Fargespill. Kristian Landmark fortalte om Teaterprosjektet Maskefall, og Stefan Schöld presenterte Mozarts Requiem-prosjektet. Våren 2017 skal tre musikklinjer på Agderskulen synge Mozart sin musikk med nyskrivne tekstar av ungdom frå ABUP. 

fargespill-kristiansand.

Spanande prosjekt alle saman, fordi dei inkluderer ulike grupper av menneske som ikkje umiddelbart søkjer scenen med sine livserfaringar. Når desse gruppene likevel får jobbe scenisk saman med eit profesjonelt fagleg og administrativt apparat rundt seg slik Kilden kan tilby, kan det setje gode spor i alle partar. 

På sitt beste blir det gripande og forløysande kunst, både for amatørar og profesjonelle, aktørar og publikum. Inkludert i seminaret var også Fargespill-forestillinga med born her frå Kristiansand, som illustrerte forrige setning på beste vis. Ikkje alle konferansar er like inspirerande som denne, og me kan vera stolte av at Hege Beckmann held til i arrangementskomiteen! 

Av Bodil Nørsett