Gå til innhold
Kva er ein ATH-forskar?

Kva er ein ATH-forskar?

Dette innlegget er ein liten rapport om kva ein forskar er, og litt om forskinga som pågår på Ansgar høyskole akkurat no.

Kva er ein ATH-forskar?shutterstock_360472571

 
Dette er ein forskningsblogg. Les du nedover, finn du mange og ulike tema som undervisningspersonalet her på Ansgarskolen har skrive om. Dette innlegget er ein liten rapport om kva ein forskar er, og litt om forskinga som pågår på Ansgar Teologiske Høgskole (ATH) akkurat no. Ein akkreditert høgskole som vår skal formidle forskningsbasert kunnskap, og det er også krav om at me som underviser skal forske sjølv. Så kva er eigentleg ein ATH-forskar?
 
Når ein googlar «forskar» eller «kva er ein forskar?», så dukka denne definisjonen opp:  
Ein forskar er ein person som driv med forskning. Forskning er aktiv, grundig og systematisk gransking for å finne ny viten. Ein kan utdanne seg til å bli forskar innanfor dei fleste fagfelt.
 
Hvis du i tillegg går inn og ser på «bilder», finn du ofte foto av menneske med briller og kvit frakk. Forskarane med kvit frakk finn du gjerne på laboratorium, men forsking pågår nesten overalt. Forskarane på Ansgar held seg innanfor forskningsfelta samfunn, kultur, helse og teknologi.
 
Sidan sist eg skreiv mitt innlegg her på forskarbloggen, har eg blitt ei ekte forskarspire!
Eg har fått eit phd-stipendiat her på AHS og har begynt på ein forskarskule, også kalla PhD-programmet for Rytmisk musikk på Universitetet i Agder. Der får ingen kvit frakk, men eg har fått ei svart hettejakke.
 
Ansgar Teologiske Høgskole har studiar innanfor fire ulike fagfelt: teologi, musikk, interkulturelle fag og psykologi. I desse fire fagfelta finnest ein heil myriade av tema å fordjupe seg i! Hvis du er interessert i fagfeltet ditt, veit du at det er utruleg spanande å gå grundig inn i ein tematikk. Som forskar går ein skikkeleg grundig og smalt til verks, og i skrivande stund er det faktisk så mange som sju (!) stykker av lærarane ved AHS som held på med forskarutdanning. Her kjem kortversjonen av desse.
 

Harald NygaardHarald-Nygaard.jpeg

Ved teologiavdelinga undersøkjer Harald Nygaard korleis pastorane i Misjonskirken Norge opplever tilhøyre. Han har intervjua 16 pastorar med lang fartstid i yrket om deira relasjonar og forskninga består i å analysere desse intervjua.
 

Cato Gulaker71827f56a05541be9e12376bfafb879b

Cato Gulaker forskar på Satan sin funksjon i Openberringsboka. Tittelen hans er Satan, the Heavenly Adversary of Man. A narrative analysis of the function of Satan in the Book of revelation. Cato har (naturleg nok) ingen intervju, men gjer eit litteraturstudie og drøftar sine spørsmål opp mot andre som har skrive om det same.
 

Torstein Trytorstein-try

På Interkulturelle fag har Torstein Try gjort ei intervjuundersøking der han ser om vennskapet mellom kristne og muslimar i Norge fører til endringar i deira syn på religion. Han er ferdig om ikkje så lenge, og me ventar i spaning på resultatet.
 

Hildegunn MT Schuffd5b8351fc40e4fb2a836d2633c33f7ba

Hildegunn MT Schuff gjer eit prosjekt innanfor både interkultur og psykologi. Ho skriv om korleis ein kan støtte og styrke barn og unge med krysskulturell bakgrunn. For å eksemplifisere dette, skriv ho om kva det betyr for krysskulturelle born si utvikling å vere med i eit fleirkulturelt musikkprosjekt som Fargespill. Fargespill vektlegg å bygge eit trygt fellesskap og anerkjenne borna som ressursar.
 
lars-mandelkow

Lars Mandelkow

Lars Mandelkow er heilt i starten på sitt prosjekt om ekstistensielle spørsmål i psykoterapi og kva slags utdanning psykologar treng for å inkludere tro, spiritualitet og åndelighet i deres arbeid på ein profesjonell måte.
 

Kjetil Høyer JonassenKjetil-Hoyer-Jonassen.jpeg

På musikkavdelinga er Kjetil Høyer Jonassen halvvegs i prosjektet sitt på korleis musikkteknologi og kreative, musikkskapande prosessar kan vere ein ressurs i arbeidet for å betre psykisk helse blant ungdom og vaksne. Han har to hovudfokus: Det eine undersøker korleis ein iPad med musikkappar kan fungere som ein musikalsk «med-terapeut», og det andre undersøker korleis ein musikkprodusent og eit lydstudio kan fungere som tilretteleggar for terapeutiske prosessar gjennom låtskriving og musikkproduksjon.
 

Bodil Kvernenes NørsettIMG_0351.jpeg

Underteikna, altså Bodil Kvernenes Nørsett, vil forske på vurdering av pop-songeksamen i høgare musikkutdanning. Prosjektet er å kartlegge korleis vurdering blir brukt som læringsreiskap i fire ulike musikkutdanningsinstitusjonar i Norden.
 
Om du synest at noko av dette høyrest interessant ut, trur eg at alle ovanfor med glede vil fortelje meir om du spør dei kva dei forskar på. Forskning kan til tider vere eit einsamt foretak, og det er svært sunt for forskarspirer å lufte det dei går og tenkjer på!
 
Eit phd-forskningsprosjekt er eigentleg ein svenneprøve på om vedkommande har lært seg det handverket det er å forske. Me kan ikkje lenger finne opp kruttet, men me veit at verda endrar seg ved hjelp av forskning og ny viten. Prosjekta ovanfor er bidrag til auka kunnskap innanfor sine respektive fagområder.
 
Etter endt forskningsprosjekt kan det vere at det dukkar opp nye refleksjonar og ny kunnskap? Dette kan igjen føre til meir forskning, meir undring og kanskje endring i samfunnet?
 
Me lærer så lenge me lever!
 
 
Av Bodil Kvernenes Nørsett
IMG_0351.jpeg
Høyskolelektor og stipendiat
Ansgar Teologiske Høgskole